Hovudside | Informasjon | Innkvartering | Tevlingar | Startlister | Resultat | Program | Presse | Kontakt
Meldingar

Saknar du ting etter LK? Ta kontakt

Kongepokal til Ottar Kåsa

Meisterkonsert er flytt til Idrettshallen

Hittegods funne

Det ligg att ein del verdifulle attgløymde ting etter Landskappleiken. Ta kontakt på post@lk2011.no eller telefon 97093444 for å få dei att.

Kongepokalen til Ottar Kåsa

Ottar Kåsa frå Arabygdi/Bø vann finalen i spel hardingfele og fekk dermed kongepokalen.
Alle resultata ligg under RESULTAT.

Kompakt kappleik

Kart over Dyrskuplassen (klikk på kartet for ei større utgåve)Landskappleiken i Seljord blir kompakt utan dei store avstandane mellom arenaene. Frå stemnecampingen på Dyrskuplassen er det bare 350 meter til Granvin kulturhus og 150 meter til Fjoset.
[LES MEIR]

Bruremarsj på fleire kontinent!

Bruremarsj frå Seljord er spela over heile verda! Landskappleiken har fått hardingfelespelarar i USA, Japan og Norge til å spele inn Bruremarsj frå Seljord på video. Resultatet kan du sjå her:
[LES MEIR]

Resultat rett på mobilen

I år kan du få resultata sendt rett til mobiltelefonen så fort premieutdelingane er over. Meld deg på varslinga, så kjem dei tre fyrste i klassa du har bestilt som sms.
[LES MEIR]

Boklansering om takt og tonar i Numedal

Takt og tonar er eit nytt bokverk om folkemusikken og folkedansen i Numedal. Boka tek føre seg utviklinga av folkemusikken i regionen frå dei eldste spora av musikalsk aktivitet i mellomalderen og fram til vår eiga tid. Det blir lansering av det nye bokverket fredag 1. juli på Dyrskuplassen.
[LES MEIR]

Opningsframsyning i rute

Øvingane til opningsframsyninga er i full gong for dei unge dansarane, kvedarane, spelemenn og korpsa!


[LES MEIR]

Ny Seljords-CD

Seljord har vel aldri hatt eit så blømande folkemusikkmiljø som i dag, med 35 hardingfeleelevar i kulturskulen og 60 unge dansarar og kvedarar i Tusseleiken. I ei bygd på knappe 3000 personar er dette ein stor prosent av befolkninga! Difor gjev Seljord spelemannslag ut sin fyrste CD når me nå arrangerer Landskappleiken 2011 i Seljord.
[LES MEIR]

Busstilbod under Landskappleiken

Kjetils tur AS vil ha eit tilbod om busstransport under Landskappleiken i Seljord. Det vil gå buss kvar halvtime frå Dyrskuplassen via Granvin kulturhus, Seljord ferieland, Bjørge, Seljord camping og tilbake til Dyrskuplassen. Tilbodet blir frå torsdag t.o.m. laurdag.

[LES MEIR]

Hugskot

Stor kvedarkonsert under Landskappleiken!
Torsdag 30. juni i kinosalen på Granvin kulturhus kl 19.00.

Du får høyre desse kvedarane:
Ragnar Haugstøl
Kjell Hove
Inger Lien
Kari Lønnestad
Ingebjørg Lognvik Reinholdt
[LES MEIR]