Hovudside | Informasjon | Innkvartering | Tevlingar | Startlister | Resultat | Program | Presse | Kontakt
Dans, lyrikk og musikk i opningsforestillinga

Opningsforestillinga gjeng av stabelen onsdag 29.juni kl. 20.00 på scena i Fjoset på Dyrskuplassen. Hæge Manheim har oppgåva med opplegg og regi, og ho har med seg Øyonn Groven Myhren som musikalsk ansvarleg.

Barn og unge frå Tusseleiken sine danse- og kvedargrupper er dei sentrale aktørane, med hjelp av folkemusikktrioen Glima. Det før omtala tingingsverket for hardingfele og korps blir også ein del av opninga. Gjennom dans, lyrikk og musikk vonar me å skape eit humoristisk og rikt bilete av Telemark og slik ynskje alle velkomen til Landskappleiken 2011 i Seljord!