Hovudside | Informasjon | Innkvartering | Tevlingar | Startlister | Resultat | Program | Presse | Kontakt
Intimkonsert med Knut Buen og Kjetil Flatland


Me er særs glade for å kunne invitere til intimkonsert med Knut Buen og Kjetil Flatland under Landskappleiken i Seljord!

Dette blir spennande: Ein intimkonsert der me møter meisterspelemann og tradisjonsberar Knut Buen, med sin kunnskap, unike forteljarevne og sitt gode spel, og seljordingen Kjetil Flatland - ein særs dyktig ung jazz-saksofonist. Kjetil er utdanna ved Norges musikkhøgskole. I tillegg til å vera freelance musikar, jobbar han som lærar på singer/songwriter-linja ved Seljord Folkehøgskule. Han har spela i mange mindre og større konstellasjonar, og er m.a. saksofonist, vokalist og låtskrivar for bandet Bygdebris.
På Kivletunet tenkjer dei å ta utgangspunkt i materialet, dvs. visene og slåttane, frå Kivledalen.


Konsertstaden er også unik: Suigard Kivle, midt i den fagre Kivledalen, der Bente Lindvig har laga eit vakkert tun innunder bratte fjellsider, ca 8 km frå Seljord sentrum.

Tidspunkt: fredag 1. juli kl 18.00!

Du kan lese meir om Kivletunet her: www.kivletunet.info