Hovudside | Informasjon | Innkvartering | Tevlingar | Startlister | Resultat | Program | Presse | Kontakt
Unge opptrer


For Landskappleiken i Seljord er det viktig å la born få ei oppleving av det å vere på kappleik, og føle seg velkomne i miljøet. Folkemusikken gror i Seljord, med over 60 unge som driv aktivt med folkemusikk. ”Unge opptrer”, som tidlegare heitte ”Born spelar for born”, er ein uformell konsert med og for dei yngste.

Her skal det vere morosamt å delta, og borna får trening i å opptre for publikum. Som premie vil deltakarane få eit diplom og ei Landskappleik T-skjorte.
Konserten vil gå føre seg i Gamlesalen, Granvin Kulturhus, torsdag og fredag klokka 13. Fordi talet på innslag er avgrensa er det lurt å vere tidleg ute med å melde seg på.
For påmelding eller spørsmål, ta kontakt med unge@lk2011.no