Hovudside | Informasjon | Innkvartering | Tevlingar | Startlister | Resultat | Program | Presse | Kontakt
Unge utøvarar kan kjempe om Fureprisen

Også i år vert det delt ut pengepremiar til unge musikarar og dansarar under Landskappleiken. Det er Knut Fures musikkfond som deler ut prisane i samarbeid med FolkOrg. Leiar i FolkOrg, Maria Høgetveit Berg, oppmodar alle unge utøvarar til å melde seg på årets kappleik.

I fjor fekk FolkOrg eit kjempetilbod om å dele ut store pengepremiar til lovande unge musikarar og songarar. Dette kjem frå Knut Fures musikkfond som også i dei neste fire åra framover skal dele ut prisar til unge folkemusikarar på Landskappleiken.

Hovudpris på 50 000,-
Under Landskappleiken skal det delast ut ein hovudpris på kr 50.000 til ein deltakar under 25 år uansett klasse innan musikk. Styreleiar i FolkOrg Maria Høgetveit Berg håpar folk melder seg på.


- Dette er ein fantastisk sjanse for unge musikarar til å vise seg fram , og eg håpar no at alle som vil opp og fram med spelet og songen sin nyttar sjansen og melder seg på også til årets kappleik i Seljord, seier Høgetveit Berg.



Fleire premiar i C-klassene
I tillegg til hovedprisen på 50 000,- vert det også delt ut 10.000 kroner i premie til vinnarane, dersom domarane meiner dei gjer det særskilt godt eller syner spesielle talent. For musikarar og kvedarar er det Fure-stiftinga som gjev prisane. FolkOrg set sjølv opp premiar på same vilkår for C-klassene i dans.

HUGS Å MELDE DEG PÅ

Om du ynskjer å vera med og kjempe om dei ulike pengepremiane må du hugse å melde deg på Landskappleiken, for påmeldingsfristen nærmar seg. Fristen for påmelding er 20. mai.


NB: Det er ikkje ei eiga påmelding for Fureprisen. Når du melder deg på Landskappleiken er du automatisk ein kandidat til Fureprisen. Alt du treng er difor å melde deg på Landskappleiken.

Meld deg på her: www.paamelding.folkemusikk.no

PRISVINNARAR 2010

MUSIKKPRISAR (Furestiftinga)

Fureprisen: Ingebjørg Harman Bratland (vokal)

Marie Tveiten frå Seljord (hardingfele kl. C)
Sjur Borge frå Gol (durspel)
Hans P. Kjorstad frå Harpefoss (fele kl. C)


DANSEPRISAR (FolkOrg)

Ingrid Marie Hanem & Jens Erik B. Hanem (Dans fele kl. C)
Sina Myhr & Eirik Fuglesteg Luksengard (Dans hardingfele kl. C)
Helga Myhr & Øystein Bråten (Dans hardingfele kl. C)
Eirik Fuglesteg Luksengard (Laus kl. C)


Om Fureprisen
Furestiftinga står bak premiane til musikk, og Fure-prisen på 50 000,-. Furestiftinga er oppretta etter ynskje frå den framståande forretningsmannen Knut Fure og kona. Avkastninga frå fondet skal gå til støtte for klassisk musikk og norsk tradisjonsmusikk.