Hovudside | Informasjon | Innkvartering | Tevlingar | Startlister | Resultat | Program | Presse | Kontakt
Hugskot

Stor kvedarkonsert under Landskappleiken!
Torsdag 30. juni i kinosalen på Granvin kulturhus kl 19.00.

Du får høyre desse kvedarane:
Ragnar Haugstøl
Kjell Hove
Inger Lien
Kari Lønnestad
Ingebjørg Lognvik Reinholdt

Alle er framifrå utøvarar som har stoff frå Vest-Telemark sentralt i repertoaret sitt. Dei vil syne fram kor rikhaldig og variert denne kvedartradisjonen er, og har lagt vekt på å hente fram viser som ikkje er så ofte å høyre. Her blir det alt frå ballader til bygdeviser, med skjemt og alvor, bunde saman av hugskot - innfall og tankesprang.

Pris kr 200,-