Hovudside | Informasjon | Innkvartering | Tevlingar | Startlister | Resultat | Program | Presse | Kontakt
Opningsframsyning i rute


Øvingane til opningsframsyninga er i full gong for dei unge dansarane, kvedarane, spelemenn og korpsa!

Onsdag 29.juni kl. 20.00 – 21.00, Fjoset på Dyrskuplassen

OPNINGSFRAMSYNING

VEK MEG!
av Klaus Sandvik.
Tingingsverk for hardingfele og korps.

I Seljord har skulekorpset og juniorspelemannslaget spela i lag i
17.mai-toget dei siste åra. Dette har inspirert til ein heilt ny og
eigen komposisjon for desse instrumenta!

Medverkande:
Seljord juniorspelemannslag,
Seljord skulemusikk og Flatdal skulekorps

Dirigent:
Gunn Steinstad

Instruktørar:
Ragnhild Knudsen og Randi Solberg


TELEMARKIN
av Aslaug Vaa

Me kastar oss ut i det lyriske og alvorlege, humoristiske og sjølvironiske, når me dansar, kved og spelar dette store diktet av ein av våre største lyrikarar. Her skildrar ho natur, lynne og røter med kjærleik og glimt i auga – ”er dette lende og folk då onnorleis laga, mætar og likar enn elles i Norjes rike og land?” Velkomen til vårt rike – og sjå sjølve!

Medverkande:
Tusseleikens danse- og kvedargrupper,
Folkemusikktrioen Glima og Hæge Manheim

Opplegg, regi, koreografi:
Hæge Manheim

Musikalsk ansvarleg, regi:
Øyonn Groven Myhren

OFFISIELL OPNING AV LANDSKAPPLEIKEN 2011
v/ ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen og leiar i hovudnemnda, Lars Bjaadal