Hovudside | Informasjon | Innkvartering | Tevlingar | Startlister | Resultat | Program | Presse | Kontakt
Boklansering om takt og tonar i Numedal


Takt og tonar er eit nytt bokverk om folkemusikken og folkedansen i Numedal. Boka tek føre seg utviklinga av folkemusikken i regionen frå dei eldste spora av musikalsk aktivitet i mellomalderen og fram til vår eiga tid. Det blir lansering av det nye bokverket fredag 1. juli på Dyrskuplassen.

Gjennom seks bolkar der omgrepet tid er knytt til alle overskriftene, følgjer vi historia frå avbildingar av musikalske motiv og instrumentfunn i mellomalderen, vidare gjennom laugstida på 1700-talet, bløming og brytningar på 1800-talet og framveksten av organisasjonar og institusjonar på 1900-talet. Framstillinga ser utviklinga i folkemusikktradisjonen i lys av samfunnsutviklinga. Kva for impulsar nådde dalen, og kva fekk dei å seia for folkemusikken, den vesle tradisjonen? Folkemusikktradisjonen i Numedal syner seg å vera rikare enn vi har trudd. Særleg finn vi mykje nytt historisk materiale knytt til 1700-talet. I dette hundreåret har Numedal hatt eit sterkt spelemannsmiljø og god tilgang på instrument både gjennom lokale felemakarar og Kongsbergmarken. Den særmerkte religiøse songtradisjonen i Numedal kan sporast attende til salmebøker frå denne tida. Mykje tyder òg på at sjøfløytetradisjonen har røter heilt attende til byrjinga av hundreåret. Dette dannar bakgrunnen for den sterke bløminga i folkemusikken her slik vi kjenner han på byrjinga av 1800-talet. Denne regionale studien er òg eit viktig bidrag til norsk musikkhistorie.

Soga byggjer på eit omfattande kjeldemateriale og er rikt illustrert. Replikkunst er høgt verdsett i folkemusikkmiljøet, og numedølane har dyrka denne kunsta til fulle. Soga byr på ei mengd anekdotar og gode historier på eigne ”lappar”.


Forfattar og redaktør er Anne Svånaug Haugan, utøvande musikar (hardingfele og kveding) og dansar. Ho er fyrstelektor i musikk ved Høgskulen i Telemark, Avdeling for allmennvitskaplege fag og har publisert fleire arbeid om norsk folkemusikk, folkemusikkopplæring og musikkhistorie. Ein bokkomité med Nils Øyvind Bergset, Åsne Bergset, Bjarne Bratås, Jan Lislien og Even Tråen har med sin lokalkunnskap og kompetanse vore svært sentrale i arbeidet. Utgjevar er Folkemusikksenteret i Buskerud. Oppdragsgjevar har vore Numedal spel- og dansarlag. Dei har òg arbeidt med finansieringa av soga. Utgjevinga er støtta av Norsk kulturråd, Nore og Uvdal kommune, Rollag kommune og Flesberg kommune, samt Høgskolen i Telemark.

Lansering av nytt bokverk FREDAG 1. JULI 2011 PÅ LANDSKAPPLEIKEN
Tid og stad: KL. 16.30 DYRSKUPLASSEN