Hovudside | Informasjon | Innkvartering | Tevlingar | Startlister | Resultat | Program | Presse | Kontakt
Kompakt kappleik

Kart over Dyrskuplassen (klikk på kartet for ei større utgåve)
Kart over Dyrskuplassen (klikk på kartet for ei større utgåve)
Landskappleiken i Seljord blir kompakt utan dei store avstandane mellom arenaene. Frå stemnecampingen på Dyrskuplassen er det bare 350 meter til Granvin kulturhus og 150 meter til Fjoset.

Den største salen er Idrettshallen på Granvin kulturhus, der vil dei største tevlingar innan spel gå føre seg. Vegg i vegg ligg Kinosalen som er ein mindre arena med amfi.

Dei fleste dansetevlingane samt Super D (D-klassene) og meisterkonserten skjer i det tradisjonsrike Fjoset på Dyrskuplassen. Det er normalt ein utescene, men som under Landskappleiken er dekt med telt for både scene og tilskodarar.

Om kvelden er det dans i ulike hallar og telt på Dyrskuplassen. For dei som vil halde ut etter at dansen er stengt er det sett opp ein eigen lavvo der ein ikkje uroar dei som vil sove.