Hovudside | Informasjon | Innkvartering | Tevlingar | Startlister | Resultat | Program | Presse | Kontakt

Fyldig pressedekning

Det er lenge sidan pressa har vore så talrike på ein Landskappleik som i år. Folkemusikk.no har laga ein oversikt over det som er publisert på nett om LK2011. Sida finn du her.

Hittegods funne

Det ligg att ein del verdifulle attgløymde ting etter Landskappleiken. Ta kontakt på post@lk2011.no eller telefon 97093444 for å få dei att.

Finalespel og meisterkonsert flytt til Idrettshall

På grunn av mykje regn og fuktig vær er finalespelet laurdag kveld og meisterkonserten flytt til idrettshallen på Granvin. Finalespelet startar laurdag kl 20, meisterkonserten sundag kl 12.

Trådlaust nett på Dyrskuplassen

Det er trådlaust nett som dekker det meste av Dyrskuplassen. Søk inn nettet "dyrskun" og start ein nettlesar. Då kjem du til pålopggingssida og kan kjøpe tilgang med kredittkort eller SMS. NB: Hugs å ta med bankbrikka om du skal betale med bankkort.

Dansekurs torsdag

Torsdag kl 17-20 held Rønnaug Larsen kurs i gangar og springar i husdyrhallen. Spelemenn: Driv. Påmelding skjer på liste på tevlingskontoret. Pris: 100,- kroner. (Kurset blir halde om det er minst 10 påmelde)

Kompakt kappleik

Kart over Dyrskuplassen (klikk på kartet for ei større utgåve)Landskappleiken i Seljord blir kompakt utan dei store avstandane mellom arenaene. Frå stemnecampingen på Dyrskuplassen er det bare 350 meter til Granvin kulturhus og 150 meter til Fjoset.

[LES MEIR]

Reserver konsertbillettar på førehand

Om du ynskjer å reservere billettar til ein av konsertane, kan du ta kontakt med stemnekontoret: stemnekontor@lk2011.no.

Bruremarsj på fleire kontinent!

Bruremarsj frå Seljord er spela over heile verda! Landskappleiken har fått hardingfelespelarar i USA, Japan og Norge til å spele inn Bruremarsj frå Seljord på video. Resultatet kan du sjå her:

[LES MEIR]

Resultat rett på mobilen

I år kan du få resultata sendt rett til mobiltelefonen så fort premieutdelingane er over. Meld deg på varslinga, så kjem dei tre fyrste i klassa du har bestilt som sms.

[LES MEIR]

Boklansering om takt og tonar i Numedal

Takt og tonar er eit nytt bokverk om folkemusikken og folkedansen i Numedal. Boka tek føre seg utviklinga av folkemusikken i regionen frå dei eldste spora av musikalsk aktivitet i mellomalderen og fram til vår eiga tid. Det blir lansering av det nye bokverket fredag 1. juli på Dyrskuplassen.

[LES MEIR]

Opningsframsyning i rute

Øvingane til opningsframsyninga er i full gong for dei unge dansarane, kvedarane, spelemenn og korpsa!

[LES MEIR]

Ny Seljords-CD

Seljord har vel aldri hatt eit så blømande folkemusikkmiljø som i dag, med 35 hardingfeleelevar i kulturskulen og 60 unge dansarar og kvedarar i Tusseleiken. I ei bygd på knappe 3000 personar er dette ein stor prosent av befolkninga! Difor gjev Seljord spelemannslag ut sin fyrste CD når me nå arrangerer Landskappleiken 2011 i Seljord.

[LES MEIR]

Busstilbod under Landskappleiken

Kjetils tur AS vil ha eit tilbod om busstransport under Landskappleiken i Seljord. Det vil gå buss kvar halvtime frå Dyrskuplassen via Granvin kulturhus, Seljord ferieland, Bjørge, Seljord camping og tilbake til Dyrskuplassen. Tilbodet blir frå torsdag t.o.m. laurdag.

[LES MEIR]

Hugskot

Stor kvedarkonsert under Landskappleiken!
Torsdag 30. juni i kinosalen på Granvin kulturhus kl 19.00.

Du får høyre desse kvedarane:
Ragnar Haugstøl
Kjell Hove
Inger Lien
Kari Lønnestad
Ingebjørg Lognvik Reinholdt

[LES MEIR]

Billettprisar

Her er billettprisane for Landskappleiken 2011. Gjennomgangsbillett inkluderer også dans på kvelden.

[LES MEIR]

Unge opptrer

For Landskappleiken i Seljord er det viktig å la born få ei oppleving av det å vere på kappleik, og føle seg velkomne i miljøet. Folkemusikken gror i Seljord, med over 60 unge som driv aktivt med folkemusikk. ”Unge opptrer”, som tidlegare heitte ”Born spelar for born”, er ein uformell konsert med og for dei yngste.

[LES MEIR]

Fyldig kulturprogram

I tillegg til tevlingane og sosial dans, vert det også eit fyldig kulturprogram under kappleiken. Me kan nemne opningsforestilling, kvedarkonsert og intimkonsert med Kjetil Flatland/Knut Buen.

[LES MEIR]

Vil du spele til dans?

Me oppfordrar alle lag/grupper og solospelemenn til å spele til dans under Landskappleiken i Seljord. Me håpar mange har lyst og moglegheit til dette.
Ta i så fall kontakt med ansvarleg for den sosiale dansen på kvelden, Jorunn Manheim Torjussen på dans@lk2011.no.

Intimkonsert med Knut Buen og Kjetil Flatland

Me er særs glade for å kunne invitere til intimkonsert med Knut Buen og Kjetil Flatland under Landskappleiken i Seljord!

[LES MEIR]

Last ned brosjyra

Brosjyra som fortel om innkvartering under Landskappleiken kan du
laste ned her.

Dans, lyrikk og musikk i opningsforestillinga

Opningsforestillinga gjeng av stabelen onsdag 29.juni kl. 20.00 på scena i Fjoset på Dyrskuplassen. Hæge Manheim har oppgåva med opplegg og regi, og ho har med seg Øyonn Groven Myhren som musikalsk ansvarleg.

[LES MEIR]

Pris til Klaus Sandvik

Komponist Klaus Sandvik, som er busett i Seljord, har fått Edvard-prisen i klasse for samtidsmusikk for verket "Prime Preparation". Sandvik har også spesialskrive eit verk for hardingfele og korps til Landskappleiken. Les meir på Ballade.no

Her er hovudnemnda!

Bak frå venstre: Ragnhild Knudsen, Oddvar Kvålo, Gro Verpe Moen, Tone Sem Hovda, Gunnar Eilefstjønn, Lars Bjaadal, Kristian Torp-Hansen, Gunhild Sudgard. Framme: Mikkel Aanderaa, Torun Raftevold Rue, Guro Mæland, Sara Telnes Fjågesund, Aud Manheim.Lurar du på kven som sit i hovudnemnda for Landskappleiken i Seljord i 2011?
Her er svaret.

[LES MEIR]

Velkomen til kappleik!

Seljord Spelemannslag ynskjer vel møtt til Landskappleik 2011!

I festivalbygda, midt i hjarta av Telemark, står folkemusikken sterkare enn nokon gong. I kulturskulen er hardingfela meir populær enn gitar og piano, og fremst i 17.maitoget går juniorspelemannslaget. No får Seljord høve til å samle alle landets beste folkemusikkutøvarar.
Det gler me kånn til!