Hovudside | Informasjon | Innkvartering | Tevlingar | Startlister | Resultat | Program | Presse | Kontakt

Kongepokalen til Ottar Kåsa

Ottar Kåsa frå Arabygdi/Bø vann finalen i spel hardingfele og fekk dermed kongepokalen.
Alle resultata ligg under RESULTAT.

Domarane på Landskappleiken

Her er oversikten over domarane i dei ulike klassene.

[LES MEIR]

Tevlingsplan

Her finn du grafisk oversikt over tevlingane.

[LES MEIR]

Startlistene er klare

Startlistene for Landskappleiken 2011 er no klare. Oppdagar du andre feil i listene, så send ein epost til tevling@lk2011.no så snart som råd så får me luka ut feil før programmet går i trykken.

STARTLISTER

Plateinnspillinger som premie

Eit tilbod om platekontrakt frå Etnisk Musikklubb vil denne sommaren vere ein del av premiane, både under Landsfestivalen og Landskappleiken. Det er vinnarane av Hardingfele kl. B, beste langeleikspel og beste durspel solo som sjølv kan få velje om dei vil benytte seg av tilbodet.

[LES MEIR]

Unge utøvarar kan kjempe om Fureprisen

Også i år vert det delt ut pengepremiar til unge musikarar og dansarar under Landskappleiken. Det er Knut Fures musikkfond som deler ut prisane i samarbeid med FolkOrg. Leiar i FolkOrg, Maria Høgetveit Berg, oppmodar alle unge utøvarar til å melde seg på årets kappleik.

[LES MEIR]

Platekontrakt til vinnarane

Vinnarane av klasse A fele og hardingfele får ei plateutgjeving hos ta:lik som premie.
- Dette er ei avtale vi har laga for å gjere det meir attraktivt å melde seg på i A-klassene, seier Frode Rolandsgard i plateselskapet.

Over 1200 påmelde

Fristen for å melde seg på til Landskappleiken er no ute. Det er over 1200 påmelde. Startlistene kjem snart.

Tevlingskonsert for Super-D

Me vidarefører suksessen frå Voss i fjor, og samlar alle D-klassingane til tevlingskonsert fredagskvelden. Oppmoding går særleg til tevlarar som ikkje har vore med på ei stund.

Bli med då vel, dette vert moro!

Nytt tevlingsreglement

Alle som skal melde seg på, bør lese igjennom det nye tevlingsreglementet frå Folkorg.

Reglementet finn du her.